?
Meir nøyaktig søk
Alt  (103)
Usortert  (89)
Balladar  (5)
Salmar  (9)

So rodde dei fjordan

Første verselinje:So rodde dei fjordan
Forfattar:Aslaug Vaa
Versemål:TO : OAOA. {Utterly trisyllabic}. Opptakt.
Def. årstal:1975
Datering:1965
Skriftstorleik
So rodde dei fjordan

1.
So rodde dei fjordan,
so køyrde dei strondi.
So rei’ dei lidan,
so vassa dei sundi

2.
Og heggeliljune
duppa i bakkan,
Paa kyrkjegolvstiljune
inn svinga stakkan.

3.
Det var Liv og Tone,
og Rannei og Gyri,
Og Gamla paa Fjone,
lett trippa fyri.

4.
Det var Knut og Livaar,
og Sveinung og Tore,
Og buggen sin Styrkaar
fraa Utigaard Jorde.

5.
Og inn dei seg sessa
paa kvaare si side,
So lydde dei messa
med’ tanken rok vide.

6.
Og Knut saag paa Tone,
og Rannei paa Livaar,
Og Gamla paa Fjone
laut tenkje paa Styrkaar. –

7.
So ned dei seg bøygde
i heilage vimur
med kringom dei smøygde
seg solrøyk i strimur.

8.
Daa klokka ho klemta
og kvendi sukka
Og karane kremta
og ut dei seg tukka.

9.
Og sunnan og norran
dei helsa i hendan
So rodde dei fjordan,
so køyrde dei strendan.
Norske dikt ..., bls. 277–278.
Dikt/songar av denne forfattaren – Aslaug Vaa
Tittel:Duva og dropen
≈ 1950
Første verselinje:Det kurra ei duva
Tittel:So rodde dei fjordan
≈ 1975
Første verselinje:So rodde dei fjordan
Einstrofingar av denne forfattaren – Aslaug Vaa
Det er ikkje registrerte nokon einstrofingar av denne forfattaren