?
Meir nøyaktig søk
Alt  (103)
Usortert  (89)
Balladar  (5)
Salmar  (9)

Heime. Kvelding

Første verselinje:Snøen fell / i graae Kveld
Serie:Haugtussa (3)
Forfattar:Arne Garborg
Versemål:[Versemål ikke bokført]
Def. årstal:1900
Datering:1895
Skriftstorleik
Heime. Kvelding

1.
Snøen fell
i graae Kveld
stilt or mjuke Lufti.
Stilt og tett,
lint og lett;
legg som Dunseng mjuk og slett
dunkvit yvi Tufti.

2.
Veslemøy
vondlar Høy
i den myrke Løda.
Nisselaatt
kvìsar smaatt;
Tuftekall seg likar godt,
naar Buskap fær si Føda.

3.
Gamall Kar
han er i Gard;
strengt han all Ting agtar.
Fylgde blid
fraa fyrste Tid
med i baade Stræv og Strid;
og helst han Fjose vaktar.

4.
Difor òg
veit han fjaag
kva han hev i Vente.
Graae-Kropp,
Raude-Topp
kvar den Kveld sin Mjølke-Kopp
fær av snilde Gjente.

5.
Mat ho ber
til Kui kjær,
og kvar og ei ho kjæler.
Side 8 Gjerne ho
stullar so:
alltid var ho dyregod
og aldri for Nissen fæler.

6.
Varme Brunn
til tyrste Munn
hit fraa Eldshus ber ho.
Fær so snøgt
Ljos i Lykt,
mjølkar Kui lognt og trygt;
og breddfull Bytta fær ho.

7.
Stelt og god
Kui so
roar seg til Nattenn’.
Jortar smaatt,
legg seg godt;
Tuften kjem med enn ein Dott;
dansar so med Katten.
Dikt/songar av denne forfattaren – Arne Garborg
Tittel:Haugtussa: Til deg, du Hei
≈ 1900
Første verselinje:Til deg, du Hei
Tittel:Haugtussa: Heime. Veslemøy ved Rokken
≈ 1900
Første verselinje:D’er Haust. Det ruskar ute
Tittel:Haugtussa: Heime. Kvelding
≈ 1900
Første verselinje:Snøen fell / i graae Kveld
Tittel:Mot Soleglad
≈ 1900
Første verselinje:Det stig av hav eit alveland
Einstrofingar av denne forfattaren – Arne Garborg
Det er ikkje registrerte nokon einstrofingar av denne forfattaren